You are here

Spørsmål

Kva er ervervsmessig undervisning?

Advokaten svarer

Kva som er ervervsmessig undervisning blir avgjort etter karakteren av verksemda, og ikkje til dømes etter korleis ho er organisert eller finansiert. Dersom verksemda blir driven etter eit sjølvkostprinsipp, altså når utdanningsinstitusjonane ikkje har som mål å gå med eit overskot, vil det ikkje vere ervervsmessig undervisning. Dette inneber i praksis at kurs i regi av universitetet der ein tek betalt, men der kursavgifta berre skal dekkje kostnadene, ikkje vil vere ervervsmessig undervisning.

Private skular som blir drivne kommersielt og som altså har profitt som mål, er ervervsmessig undervisning. T.d. driv BI altså ervervsmessig undervisning. Ervervsmessig undervisning omfattar også tenester som er gratis for brukarane, men der den som tilbyr undervisninga (til dømes eit føredrag) har inntekter frå reklame eller forsøker å skaffe seg kundar blant tilhøyrarane - altså ein indirekte økonomisk fordel.

Omgrepet "ervervsmessig undervisning" er noko anna enn "i ervervsøyemed" (ervervsføremål). Ervervsføremål omfattar meir, medrekna også verksemd som blir driven etter eit sjølvkostprinsipp.

I undervisning som ikkje er ervervsmessig har ein blant anna noko større høve til å framføre til dømes eit dikt.