You are here

Spørsmål

Kva er god sitatskikk?

Advokaten svarer

 

 

Det kan siterast frå offentleggjorde verk utan løyve frå opphavsmannen så lenge det blir gjort "i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger", som det står i lova.

Kravet om god sitatskikk tilseier at sitatet skal innebere ei lojal og reieleg utnytting av verket. God sitatskikk er ein etisk standard og kor vidt sitatet er i samsvar med god skikk, kjem an på ei skjønnsmessig heilskapsvurdering.

Vanlegvis siterer ein eit verk når undervisninga gjeld dette verket eller for å utdjupe eit emne. I utgangspunktet skal sitatet vere kort og berre ein liten del av eit verk. I enkelte tilfelle, som heilt korte dikt, kan heile verket brukast som sitat.

Kor mykje som kan brukast, kjem an på omstenda og føremålet med bruken. Dersom føremålet er analyse, kritikk eller harselas av verket kan ein sitere meir. Dersom ein bruker eit sitat i ein fagleg samanheng for å gje att ei meining eller eit resonnement, må ein også gje att såpass mykje at meininga ikkje blir forvrengt. Generelt skal sitatet vere lojalt mot meiningsinnhaldet i verket det blir sitert frå. Det kan derfor vere at eit sitat blir for kort til å vere i samsvar med god sitatskikk.

Sitatet må normalt brukast i ein ny samanheng som den som siterer verket sjølv skaper, til dømes i analyse av film eller tekst. Sitat lausrivne frå samanhengen kan berre vere heilt kort, til dømes ei setning eller to som "ord for dagen".

Sitatretten skal ikkje skjule opphavsrettskrenkingar. Sitatretten skal altså ikkje gje grunnlag for bruk som det er naturleg å betale vederlag til opphavsmannen for, typisk i kommersiell samanheng. Dersom ein lagar ein film, kan ein til dømes ikkje låne scener frå andre filmar for å sleppe å lage det same sjølv. Slik bruk skal det normalt betalast vederlag for. Føremålet med sitatretten er blant anna å sikre ytringsfridom og opning for debatt og kritikk. Dette tilseier også at sitat ikkje blir brukte til reklameføremål.

Særlig innanfor faglitteratur er det skrive mykje om korleis sitat skal brukast, og det finst nedskrivne etiske normer for sitatbruk. Når ein siterer i tråd med slike etiske normer, kan ein leggje til grunn at sitata også er i samsvar med god sitatskikk.

Opphavsmannen skal namngjevast, og om mogleg skal også tittelen på det siterte verket oppgjevast.

Sjå også:
Kor mykje kan siterast?
Skilnad på sitat og annan gjenbruk?