You are here

Spørsmål

Kva er opphavsrett?

Advokaten svarer

Opphavsrett er dei rettane den som har skapt noko (opphavsmannen) har til det han/ho har skapt, altså til verket. Opphavsretten vernar rettane ein kunstnar har til biletet han har måla, rettane ein komponist har til musikkstykket han har komponert og rettane forfattaren har til boka han har skrive. Opphavsretten oppstår automatisk i det verket er skapt, verket må ikkje registrerast nokon stad. Verket må likevel oppfylle eit originalitetskrav for å ha vern. Det må vere eit "åndsverk", altså ha vorte skapt med ein viss åndeleg innsats for å ha vern.

Opphavsmannen sjølv kan naturlegvis bruke, publisere, kopiere eller forandre verket. Andre må anten be opphavsmannen om lov til å kopiere eller publisere verket, eller dei må ha rett til å bruke verket med heimel i lova, som regel mot å betale eit vederlag. Opphavsretten er tidsavgrensa. For dei fleste typar verk er vernetida 70 år etter opphavsmannens dødsår. Etter at vernetida er over, kan alle bruke verket gratis.

Sjå også: Kva er vernetid?

Opphavsrettsleg vern gjev ein også for artistframføringar, produsentar sine innspelingar og fotografiske bilete og databasar. Dette kallar ein "nærståande rettar", i motsetnad til dei "eigentlege opphavsrettane". Omgrepet rettshavar kan brukast om både opphavsmennene og dei som har slike andre rettar etter åndsverklova.

Opphavsretten vernar resultatet av ein skapande innsats, som innhaldet i ei bok, musikkstykket eller arkitektteikningar. Ideane bak verket, kunnskap og fakta er ikkje verna.