You are here

Spørsmål

Er det ulike reglar for kopiering og publisering på Internett, i private krinsar og i lukka grupper som læringsplattformer, til dømes Fronter og Its Learning?

Advokaten svarer

Til privat bruk kan du ta enkelte analoge og digitale kopiar, spele musikk, vise fram filmar og setje opp skodespel utan å måtte be rettshavarane om lov eller betale for bruken. Opphavsmannens einerett gjeld nemleg ikkje det private området. Det er likevel ikkje tillate å ta kopiar av datamaskinprogram eller databasar, og du kan berre ta kopiar av lovleg framstilt materiale. Det er også nokre fleire unntak, sjå åndsverklova § 12. Privat bruk-regelen er avgrensa til offentleggjorde verk og omfattar derfor ikkje til dømes upubliserte private brev.

Åndsverklova skil mellom bruk innanfor og utanfor det private området, og ikkje mellom opne og lukka krinsar. Bruk som er utanfor det private området er i følgje åndsverkslova offentleg. Bruk innanfor ein lukka krins kan vere privat, føresett at det er eit venskapsforhold mellom alle som har tilgang til webområdet. Tilgangen må vere verna med passord eller liknande. Kor vidt materialet er lagra internt eller på ein ekstern tenar / ei lagringsteneste er ikkje avgjerande. 

Bruk i lukka krinsar, som digitale læringsplattformer som til dømes Fronter og Its Learning, andre passordverna sider på Internett og e-postlister er å rekne som offentleg dersom dei som har tilgang til løysingane er fleire enn ei gruppe vener. Som regel vil altså slik bruk vere offentleg.

Det er inngått avtalar med rettshavarorganisasjonane om bruk i undervisningssektoren. Desse avtalane gjev rett til å kopiere, distribuere og lagre digitalt materiale i læringsplattforma, på enkeltståande PC-ar, minnepinnar, vise digitalt materiale på skjerm og elektroniske tavler og sende materiale på e-post til studentar og kollegaer. Meir informasjon om desse avtalane finn du her:

Creative Commons lisensiert materiale kan brukast i samsvar med merkinga.

Sjå også:

Kva er ein rettshavarorganisasjon?

Kva er ein avtalelisens?

 

 

 

 

 


 

Tillegg for grunnutdanning

Klasseromundervisning i grunnskulen blir rekna for å vere innanfor det private området pga. det nære forholdet mellom elevar og lærar til ein klasse som følgjer kvarandre over fleire år. Ein lærar i grunnskulen kan t.d. vise fram filmsnuttar eller heile filmar utan at det må betalast vederlag til rettshavarane. Denne praksisen byggjer på førearbeida til åndsverklova frå 1994, sjå Ot.prp. nr. 15 (1994-95) s. 126. Førearbeida vart skrivne i ei anna medierøynd enn dagens, og praksisen blir kritisert. Men fram til ei anna avklaring ligg føre, kan bruk innanfor éin enkelt klasse i grunnskulen reknast for å vere innanfor det private området.