You are here

Spørsmål

Kva er skilnaden på eit sitat og annan gjenbruk av eit verk i undervisninga?

Advokaten svarer

Eit sitat er ein mindre del av eit verk som blir brukt i ei ny framstilling for å sikre den alminnelege diskusjonsfridomen. Eit sitat kan brukast for å skape debatt, spreie kunnskap, gje kritikk eller for å belyse ein påstand. Sitatretten omfattar ikkje delar av ein film eller eit musikkstykke som blir brukt for å skape ei stemning.

Berre offentleggjorde verk kan siterast, og sitatretten er fyrst og fremst aktuell for litterære verk, film og musikk. Andre kunstverk, som bilete og skulpturar, kan som regel ikkje siterast. Det kan nemleg krenkje opphavsmannens ideelle rettar berre å vise delar av eit kunstverk. Ein betaler ikkje vederlag for sitatbruk. 

Utover den alminnelege sitatretten er det tilgang til å gjenbruke offentleggjorde kunstverk som illustrasjonar i kritiske eller vitskaplege framstillingar utan at rettane må klarerast. Dette omfattar digital bruk dersom bruken ikkje er kommersiell. Dette er ein slags sitatrett for kunstverk.

Det er også særskilte reglar for å vise fram og framføre verk i undervisninga, utan at rettane må klarerast. Fysiske eksemplar av kunstverk og fotografi kan visast fram ved hjelp av projektorar, lysbilete eller transparentar, og litterære verk og musikkstykke kan framførast (lesast opp, syngjast eller spelast) i undervisninga. Verk som er publiserte med Creative Commons-lisens og eldre verk der vernetida har gått ut, kan brukast fritt. 

Det er også reglar som gjev rett til å bruke delar av eit verk utan å måtte be om samtykke, men mot å betale vederlag. Det gjeld kunstverk som blir brukte som illustrasjonar til tekstar til bruk i undervisning og delar av verk som blir brukte i samleverk bestemt for undervisning når verka er meir enn 5 år gamle. Desse føresegnene omfattar ikkje digital bruk.

Sjå også : Publisering på LMS kontra nettet?

Hovudregelen for annan gjenbruk er at det både krev samtykke frå opphavsmannen og at ein betaler for bruken. Løyve til gjenbruk kan avtalast med rettshavarorganisasjonane.

Sjå også: 
Kva vil det seie å klarere opphavsrett?
Kva er avtalelisens?