You are here

Spørsmål

Kva er vernetid?

Advokaten svarer

Vernetid er den tida rettane til eit kunstverk, eit dikt, ein film, framføring av ein song osv. er verna. Etter utløpet av vernetida er det fritt fram å bruke og kopiere verket eller framføringa for alle, utan å måtte be rettshavaren om lov eller betale for bruken. Sjølv om vernetida er over, har opphavsmannen krav på å bli namngjeven. Det er også nokre grenser for korleis verket kan brukast - det skal ikkje brukast på ein krenkande måte ("klassikarvernet").

Vernetida varierer i forhold til dei ulike rettane:

  • Åndsverk er verna i 70 år etter det året opphavsmannen døydde. For verk med fleire opphavspersonar, slik som film, er vernetida 70 år etter den lengstlevande opphavspersonens død.
  • Utøvande kunstnarar sine prestasjonar og opptak av utøvande kunstnarar, lydopptak, film og kringkasting er verna i 50 år etter at framføringa fann stad eller opptaket vart offentleggjort.
  • Fotografi som ikkje har vern som åndsverk, er verna i 15 år etter utløpet av fotografens dødsår, men uansett i minst 50 år etter at biletet vart teke.
  • Katalogar og databasar er verna i 15 år etter dei vart framstilte eller offentleggjorde.

Vernetid gjeld også for verk med ukjend opphavsperson.

Det er også andre verk som opnar for fri bruk, anten der vilkåra er avklarte på førehand gjennom ein Creative Commons lisens, eller sett i det fri - Public Domain / offentleg eigedom. Ein treng heller ikkje avklare med rettshavaren ved sitering, men hugs alltid referansar og tilvisingar.