You are here

Spørsmål

Kva er ein rettshavarorganisasjon?

Advokaten svarer

Ein rettshavarorganisasjon, også omtalt som opphavsrettsorganisasjon eller forvaltningsorganisasjon, representerer opphavsmenn og andre rettshavarar og inngår avtalar på vegner av dei om løyve til bruk av verk.

Rettshavarorganisasjonen forhandlar, inngår avtalar om bruk og krev inn betaling for bruken på vegner av rettshavarane.

Rettshavarorganisasjonen opptrer ofte på vegner av både norske og utanlandske rettshavarar. Vederlaget blir betalt attende til rettshavarane, anten direkte i forhold til kor mykje den enkeltes verk eller framføring har vorte brukt, eller gjennom ulike stipendordningar.

Norske rettshavarorganisasjonar:

Meir informasjon finn du på organisasjonane sin informasjonssentral for opphavsrett og klarering: www.clara.no

Sjå også: Kva er ein avtalelisens?

 

Tillegg for grunnutdanning

Det er ingen spesielle omsyn for grunnutdanninga, ut over at det føreligg ein eigen Kopinoravtale.

Tillegg for høyere utdanning

Fleire universitet og høgskular har i tillegg til Kopinoravtale ein mønsteravtale med Bono om digital utnyttjing av kunstverk. Grunn- og vidareregående skula har ikkje ein slik avtale.