You are here

Spørsmål

Når eg i undervisninga viser til materiale på nettet gjennom lenkjer, har eg då noko ansvar for at dette materialet er opphavsrettsleg klarert og dermed lovleg lasta opp på nettet? Og kva er konsekvensen dersom det ikkje er lasta opp lovleg?

Advokaten svarer

Utgangspunktet er at normal og lojal lenking til materiale som er lasta opp på nettet med samtykke frå opphavsmannen, er tillate. Du risikerer å bli erstatningsansvarleg for medverknad til ulovleg publisering dersom du lenkjer til materiale andre har lagt ut ulovleg.

Materiale som er lasta opp på nettet utan løyve frå opphavsmannen, har vorte publisert ulovleg. Eit erstatningsansvar føreset at lenkinga var rettsstridig, altså at du lenka til materialet med vitande og vilje om at materialet var ulovleg (forsett) eller at handlinga var klanderverdig, det vil seie at retten kjem til at du er å laste fordi du burde ha handla annleis. Når du lenkjer til materiale i god tru om at dette er lagt ut lovleg, får du altså ikkje noko ansvar.

Dersom du seinare blir klar over at lenkja peikar til noko ulovleg, må du slette lenkja. Om ikkje, kan du risikere å bli halden ansvarleg sjølv om du oppretta lenkja i god tru.

Her som elles må du utøve kjeldekritikk og gjerne undersøkje nærare. Ein film som nettopp har hatt premiere på kino, er neppe lagt ut fritt tilgjengeleg på nettet i sin heilskap dagen etter.