You are here

Spørsmål

Kven har ansvar for at gjenbrukte delar av verk som blir brukte i student- og elevarbeid, er opphavsrettsleg klarerte før arbeida blir publiserte?

Advokaten svarer

I følgje åndsverklova er det den som publiserer eit verk på nettet som har ansvaret for at bruken av andres verk er opphavsrettsleg klarert. Eleven og studenten som publiserer materialet, er altså ansvarleg for det han/ho publiserer. 

Sjå også: Kva vil det seie å klarere opphavsrett? 

Elevar i grunnskulen kan leggje ut arbeid på lukka, passordverna område der berre læraren og klassekameratane har tilgang - som eit virtuelt klasserom. Ei slik framføring vil ifølgje dagens praksis ikkje vere offentleg, men tillaten som "privat bruk".

Undervisaren har eit generelt ansvar for å leggje til rette undervisninga og bør ha sett seg inn i dei avtalane undervisningsinstitusjonen har inngått med rettshavarorganisasjonane om løyve til bruk av åndsverk. Avtalar med rettshavarorganisasjonane, som Kopinor eller BONO, kan dekkje løyve til gjenbruk i elev- eller studentarbeid. Dette må undersøkjast konkret i dei avtalane den enkelte undervisningsinstitusjonen har inngått. 

Sjå også: Kven har rettane til studentar og elevar sine digitale verk?

Dersom undervisningsinstitusjonen blir merksam på at dei har ulovleg materiale på sine nettsider, må dette fjernast.