You are here

Spørsmål

Er det den tilsette eller arbeidsgjevar som har opphavsretten til materiale som undervisarar produserer?

Advokaten svarer

Utgangspunktet er at den som har laga materialet, har opphavsretten til det. Dersom arbeidsgjevar ynskjer å få overta opphavsretten til materiale som undervisarar har laga, må dette i utgangspunktet regulerast i ein avtale. Dette gjeld for tilsette både i høgare utdanning og i grunnopplæringa. Ein slik avtale vil ikkje innebere at arbeidsgjevar overtek dei ideelle rettane som opphavsmannen har, sidan desse er personlege.
 
Sjølv om utgangspunktet er at den som har laga materialet, har opphavsretten til det, skal likevel arbeidsavtalen somme gonger tolkast slik at arbeidsgjevar skal få ein bruksrett til materialet eller få overta opphavsretten.

Dersom det t.d. er ein del av oppgåva den tilsette har å utvikle nytt undervisningsmateriale for arbeidsgjevar, og dersom arbeidsgjevar må ha rettane til materialet for å kunne utnytte det i den normale verksemda si, er det grunnlag for å tolke dette som ei overføring av rettane til arbeidsgjevar.

Ole-Andreas Rognstad uttrykkjer det slik i læreboka Opphavsrett (Universitetsforlaget 2009, s. 361): "Reelt sett er spørsmålet om rettighetsovergang i arbeidsforhold et spørsmål om avtaletolkning". Kor vidt arbeidsgjevar kan gjere gjeldande å ha rettane til undervisningsmaterialet kviler altså fyrst og fremst på ei tolking av den konkrete arbeidsavtalen.

Generelt kan det vere gode grunnar for å tolke inn ein bruksrett for arbeidsgjevar til støttemateriale som PowerPoint-presentasjonar, slik at dette kan gjenbrukast av kollegaer. Meir personleg materiale som den enkelte undervisaren produserer, skal det meir til for at arbeidsgjevar skal kunne bruke utan særskilt samtykke.

Innanfor universitets- og høgskulesektoren går det føre seg prosessar for å avklare tilsette sine rettar på immateriellrettsområdet. Dette arbeidet omfattar både rettane til forskingsresultat, arbeidstakarpatent, undervisningsmateriale og anna materiale som ikkje er verna som åndsverk. Den tilsette må sjekke med sin eigen arbeidsgjevar og sin arbeidsavtale kva som gjeld og kva for prosessar som går føre seg innanfor dette området i den enkelte undervisningsinstitusjonen.

Sjå også: Arbeidsgjevar sin rett til tilsette sine ressursar?