You are here

Spørsmål

Må det hentast inn samtykke frå studentar som stiller spørsmål i ei førelesing når det blir gjort lydopptak og dei ikkje blir filma?

Advokaten svarer

Etter vår vurdering vil det ikkje være nødvendig å innhente samtykke fra studenter som stiller spørsmål i en forelesning forutsatt at studentene har fått informasjon om at opptaket vil bli gjort og de ikke er med på video. Er studenten med på video må samtykke i utgangpunktet innhentes.

Lydopptak av ein student som stillar spørsmål og som leggast ut på nettet av ein undervisingsinstitusjon vil omfattast av personopplysningslova. Etter vår vurdering opnar interesseavveginga i personopplysingslova § 8 f for at dette må vere tillate når studenten på førehand har fått informasjon om at opptaket vil bli gjort sjølv om det ikkje er henta inn eit eige samtykke. Personvernulempa for studenten ved lydopptak av somme spørsmål er lita når det på førehand er gjeve informasjon slik at studentar som ikkje ønskjer å vere med kan velje ikkje å stille spørsmål. Studentane kan med fordel også få høve til å seie ifrå at dei ikkje ønskjer å vere med på opptaket når de stillar spørsmål for å sikre at dei som ikkje vil vere med ikkje får eit redusert undervisingstilbod samt at spørsmålet i etterkant kan redigerast vekk før publisering. Om det er ein lengre presentasjon eller liknande studenten skal gjere vil vi tilrå at samtykke innhentast sidan opptaket vil kunne vere meir inngripande og dei praktiske høva for å innhente samtykke er større i den situasjonen.

Sjå Publisere bilete og film utan samtykke for meir informasjon om når samtykke må innhentast ved bruk av video.