You are here

Spørsmål

Korleis kan eg leggje til rette for at andre kan gjenbruke undervisningsmateriale eg har laga?

Advokaten svarer

Undervisaren er opphavsmannen til det materialet han eller ho sjølv har laga for bruk i undervisninga og kan følgjeleg avgjere om andre skal få bruke dette materialet.

Sjå også: Opphavsretten - tilsett eller arbeidsgjevar?

Ein enkel måte å gjere materialet tilgjengeleg på er å publisere materialet merkt med fribrukslisensar som Creative Commons og leggje det tilgjengeleg på nettet eller på eigna plattformer for deling. Dersom materialet inneheld illustrasjonar eller liknande som andre har laga, må opphavsmennene til desse verka samtykkje til publiseringa. 

Undervisaren kan også gjere opptak av si eiga undervisning og gjere det tilgjengeleg for andre i digital form, så lenge undervisninga ikkje inneheld ei framføring av opphavsrettsleg verna materiale – til dømes framføring av ein song, skodespel eller tekst som er for lang til å vere eit sitat. Eit slikt opptak kan berre brukast i eiga undervisning. Opptaket kan gjerast tilgjengeleg på nettet under ein fribrukslisens.

Dersom andre, t.d. studentar, kjem med på opptaket i nærbilete der dei kan identifiserast, skal det innhentast samtykke frå dei i framkant av publiseringa.
 

Tillegg for grunnutdanning

Dersom dei medverkande er mindreårige slik som i delar av vidaregåande og heile grunnopplæringa elles, må samtykke innhentast frå føresette.