Sitater og annen gjenbruk
Også ved podcasting kan ein sitere andre verk, for eksempel dikt, skuespill, radio- eller kringkasting, film og musikk.
Det krevjes som hovedregel samtykke både for å kunne ta bilete og filmopptak av førelesar og andre personar, og for å kunne publisera bileta og filmen. Førelesaren har alle rettigheitene til sine førelesningar. I tillegg har dei som har teke bileta eller filmen rettigheiter til sitt arbeid.
Google oppmoder til bruk og deling, sæskilt til ikkje-kommersiell bruk i undervisninga. Det er difor godt høve til bruk, så lengje ein ikkje nyttar ting fra Google på en krenkjande måte.
Sitatretten gjeld truleg og for screenshots frå dataspel. Men hugs ideelle rettigheitar og etisk bruk.
Som hovedregel vil det krevje samtykke frå opphavsmannen, dersom ein skal publisera og distribuera oversettelsen. Ein oversettelse vil som regel vere ein tilpassing, og ikkje eit nytt sjølvstendig verk.
Dersom verket er merkt med ein fribrukslisens som t.d. Creative Commons, som tillèt gjenbruk og at verket kan endrast, er det fritt fram å dele opp, modifisere eller setje saman verket på nye måtar.
Det er ikkje mogleg å fastsetje ein bestemt prosentdel av eit verk, eit tal linjer av ei bok eller minutt frå ein film eller song som kan siterast fritt. Dersom verket er kort, som til dømes eit dikt eller eit kort filmklipp, kan det siterast i sin heilskap.
Eit sitat er ein mindre del av eit verk som blir brukt i ei ny framstilling for å sikre den alminnelege diskusjonsfridomen.
Materiale som er publisert på Internett for fri bruk kan brukast fritt innanfor ramma av dei lisensvilkåra det er publisert under. Dette omfattar også verk som er publisert under pseudonym - slike verk er ikkje "eigarlause".
Dersom dei korte klippa er sitat frå andres arbeid, kan førelesinga podcastast.
Dette spørsmålet er det diverre ikkje eit enkelt svar på.
Sitatretten opnar for at ein kan bruke screenshots og små klipp frå offentleg tilgjengelege tv-seriar og DVD-ar når det skjer i samsvar med god skikk og i den utstrekninga føremålet krev.
Det kan siterast frå offentleggjorde verk utan løyve frå opphavsmannen så lenge det blir gjort "i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger", som det står i lova.
Bilete og teikneseriestriper vil normalt vere verna av opphavsrett. For å kunne bruke dette må du anten ha eit løyve av opphavsmannen (lisens) eller så må eitt av unntaka frå opphavsmannens einerett kome til bruk.
Studentar kan i utgangpunktet ta ein kopi av meir enn 15 % av ei bok når det er til "privat bruk" slik dette er regulert i åndsverklova § 12.